Menu Meny
Guide til Santiago de Compostela

Guide til Santiago de Compostela

Fakta
  • Tilhører: Spania
  • Valuta: Euro
  • Landnummer: +34

Lengde: Den spanske delen av pilegrimsleia, frå Pyreneane til Santiago de Compostela i Galicia, er cirka 80 mil lang.
Fleire vegar: Eit nett av pilegrimsvegar fører til Santiago, frå mellom anna Frankrike og Portugal. Noko forenkla kan ein seie at det er ti vegar.
Kuriosum: Ein av desse vegane har Santiago som utgangspunkt, ikkje endepunkt.

Reisa dit

Fleire turoperatørar arrangerer gruppeturar til Santiago. Fordelen er at det er tidseffektivt. Kost og losji er inkludert. Sjølv reiser vi med Tide Reiser. Ei veke og om lag åtte mil på apostelens hestar. Pris cirka 12 000 kroner.

Mat og drikke

Blekksprut er den store spesialiteten i Santiago. Elles er havabbor eit godt val når du begynner å nærme deg den spanske atlanterhavskysten. Svelg ned med nydeleg vin, både raud og kvit.

Kort fortalt

I mellomalderen var grava til apostelen Jakob i Santiago eit av Europas viktigaste pilegrimsmål.
Målet for vandringa er den rikt utsmykka, romanske katedralen. Pilegrimar frå heile verda er til stades under dei katolske gudstenestene.
Pilegrimane blir ofte framstilte med vandrestav, vidbremma hatt, kappe, reiseveske og det heilt spesielle kjennemerket; kamskjelet.
Vegen til Santiago har status som Europas første kulturveg.

Litteratur

Den lille pilegrimsboka av Anne Kristin Aasmundtveit (red.) og Hans Johan Sagrusten (ill.):
Boka byr på bøner, dikt, aforismar, historiske glimt og bibelord, eit forsøk på å hjelpe deg å fylle vandringa med innhald.
På vei til Santiago de Compostela
av Hege Jensen:
Eit «must» for dei som reiser for eiga maskin, men fin også for luksuspilegrimar. Boka skildrar korleis herberga fungerer og korleis potensielle problem kan løysast. I tillegg inneheld boka minigrammatikk og ordliste som hjelper deg såpass at du kan kommunisere litt med spanjolane du møter undervegs.
Pilgrim Stories: On and Off the Road to Santiago
av Nancy Louise Frey. Eit sosialantropologisk studium med fokus på dagens Santiago-pilegrimar. Lettlesen. Obligatorisk.

Nettstader

www.tidereiser.no
www.pilegrim.no

Relaterte artikler

Facebook

Følg oss på Facebook

Daglige oppdateringer fra Vagabonds verden - Få reisetips og ta del i våre aktiviteter og konkurranser!

Følg oss her

Vagabonds nyhetsbrev - meld deg på!

Motta vårt nyhetsbrev som gir deg direkte tilgang til det siste på reisefronten - ca én gang i måneden.

Abonnér - spar over 60%

Få med deg alle godsakene fra Norges ledende reisemagasin!