Menu Meny

Finland: Ei vinternatt i den finske skogen

Førtifire hundar ular i kor. Det grøne nordlyset flimrar, lavoduken blafrar og termostaten viser åtte blå. Eg slår lens bak huset med tre husky-kvalpar som publikum. Den finske vinterkulda bit meg i rumpa.

Wibeke Bruland

Dei andre arbeidarane har blitt henta av sjefen, Erkki. Om tre dagar er det James frå Chicago og Jerome frå Frankrike som bur her. Dei har òg kome for å oppleve vinteren i Nord-Finland – heilt frivillig.

Her er verken straum eller innlagt vatn. Eg og Lara, ei spansk jente, er att i isøyde åtte kilometer frå folk. Kvar dag vert det 15 minuttar mindre dagslys. Snart er kun mørkret att. Vi vandrar rundt med hovudlykt og er kledd for ekstrem kulde. Innsjøen er under transformasjon, snart er den hundekøyringsløype. Turistsesongen er i emninga, både vi, hestane og hundane er klare. Det må berre bli kaldare og mørkare først.

Eg går inn i trebygningen og tenner stearinlys. Legg nokre kubbar i omnen og ventar på Lara. Ho sjekkar om vatnet til fjordingane har frose. Kvar kveld og morgon tenner vi bål under behaldaren, eit gamalt badekar, for å halde vatnet frostfritt.

Dei andre arbeidarane har blitt henta av sjefen, Erkki. Om tre dagar er det James frå Chicago og Jerome frå Frankrike som bur her. Dei har òg kome for å oppleve vinteren i Nord-Finland – heilt frivillig. Då jobbar eg og Lara dagskift på garden og overnattar i leilegheita i Inari. Det skal bli godt å dusje og vaske sokkar, før det igjen er vår tur å bu blant hundane.

Eg kokar te-vatn og ser over kva vi har av mat. Handlelista skal leverast. Det er ikkje ofte vi har språkproblem, men av og til skjer det: Du må føre på knekkebrød, seier eg. Kva er knekkebrød? spør Lara. Eh, skriv dried bread, svarar eg. Tørt brød? Har vi ikkje nok av det? svarar ho. Eg veit ikkje kva det heiter på engelsk, men det er ein type brød som skal vere tørt. Dei kjem til å skjøne det. Sikker? Jeje, svarar eg.

Vi kryp ned i soveposane. Lara les ferdig boka si, blæs ut dei næraste stearinlysa og slår av hovudlykta. Klokka er knapt ni. Eg legg ein stor kubbe på peisen og skrur ned ventilen. Kanskje det brenn nokre timar til. Då slepp vi å stå opp til kulde. Om nokre veker vert det meir å gjere. Vi nyt stillheita før turistsesongen brakar laus.

Evora; med blikket som kan sjå tvers igjennom ein.
Evora; med blikket som kan sjå tvers igjennom ein.
Finn Lara. Det einaste grøne i skogen
Finn Lara. Det einaste grøne i skogen
Tre gode vener. Fjordingane Norge, Ronja og Sarakka.
Tre gode vener. Fjordingane Norge, Ronja og Sarakka.

Wibeke Bruland

- Istu, seier Lara. Ho gjentek kommandoen fem gangar før kvalpane roar seg og sit. Det er ingen tvil om at hundane kan meir finsk enn oss. – Adota, fortset ho. Dei ser med svoltne blikk på skåla med mat.

Hundane bjeffar berserk. Klokka er 03.31. Er det rovdyr på ferde? Eller reinsdyr på ville vegar? Eg tar ned teppet framfor vindauget og lyser. Det er frost på ruta og litt vanskeleg å sjå. Strålen speglar seg i eit par auger. Det er utbrytarkongen frå hundegarden. Ein svart og kvit husky utan halsband bjeffar ertande når han ser meg. Ah, det siste eg vil er å gå bort til hundegarden no, gryntar Lara. Eg er i alle fall ikkje gira, svarar eg. Lara står opp for å ta han inn til oss. Eg kryp ut av soveposen og opnar omnsdøra. Kun aske igjen.

Vekkarklokka ringer morgonen inn. Eg får ei våt tunge i panna. Dagens ansiktsvask og peeling er utført. Hunden svinsar vidare til Lara. Ho er forberedt og dyttar han bort. Klokka er 06.45, og det er lite freistande å forlate soveposen. Lara er i full sving med å koke vatn. Heldigvis begynner det å lysne om ein time.

Alt tar tid i øydemarka. Lara gjer klar mat til kvalpane, tre målebeger med tørrfôr og middagsrestar. Eg møter kulda i døropninga og joggar lett til hundegarden med rømlingen. På vegen ser eg at vatnet til hestane har eit tjukt islag. I dag må vi lage eit ekstra stort bål og etterfylle minst fem bøtter vatn. Hundane bjeffar oss velkommen og lograr med halane.

- Istu, seier Lara. Ho gjentek kommandoen fem gangar før kvalpane roar seg og sit. Det er ingen tvil om at hundane kan meir finsk enn oss. Adota, fortset ho. Dei ser med svoltne blikk på skåla med mat. Ho set den på bakken. – Bisto. Tre ivrige munnar kjempar om dei beste bitane. Etter eit halvt minutt er skåla tom. Dei stirar med spente auge; kjem det meir? Eg hentar vatnskåla og gjentek kommandoane. Dei kastar seg over som det stod om livet. Etter tre slurkar er skåla uinteressant.

Dagens ettermiddagsaktivitet: fotballkamp på isen.
Dagens ettermiddagsaktivitet: fotballkamp på isen.
Her bur vi primitivt, men utrulig koselig!
Her bur vi primitivt, men utrulig koselig!

Wibeke Bruland

Vi bestemmer oss for å ri. – Du kan ta Rangvald, seier Lara. – Ikkje pokker, han er så klumsete. Litt is og vi er nede i kneståande. – Berre tulla.

Dei vaksne hundane skal få mat seinare, kun vatn står på frokostmenyen. Lara ber rundt bøtta, medan eg tar runden og samlar lort. Det begynner å lysne idet vi ber høy til hestane. Bålet har tint vatnet og fjordingane er samla rundt drikkekaret. Vi børstar dei og fjernar møkk.
Morgonrutinen er i boks. Vi går tilbake til huset. Omnen har sjølvsagt slokna. Vil du finne på noko, spør Lara. Ja, det er for kaldt å vere inne.

Vi
bestemmer oss for å ri. Du kan ta Rangvald, seier Lara. Ikkje pokker, han er så klumsete. Litt is og vi er nede i kneståande. Berre tulla. Vi salar opp favorittane våre og legg av garde. Traktorvegen er isete. Vi finn ein sti i skogen.

Litt over klokka elleve kjem resten av gruppa. God morgon, ropar Lara. God morgon for oss, og ettermiddag for dykk, svarar Erkki. Han tar ut ein blå IKEA-bag med mat. Kva skal de forresten med tørka brød? spør han. Eg ville ha knekkebrød, svarar eg. Han ler. No har kona mi tørka brød i steikeomnen. Kva heiter det på engelsk? Eg trur ikkje det kan oversetjast. Knekkebrød er knekkebrød også på finsk. Ok, då skriv eg knekkebrød neste gang, og vi får ete tørka brød dei neste dagane.

Vi går igjennom rutinane for dagen. Alle hundespanna skal trenast. Tre unge hundar skal prøvast ut for første gang. Vi har òg fått to nye arbeidarar frå New Zealand. Dei får rundtur på garden. Søv de godt her, spør den eine. Ja, svarar Lara. – Det er ikkje kaldt? fortset han. – Jo, men det går fint. Så lenge de ikkje fortel spøkelseshistorier til kvarandre, fleipar Erkki. Det går bra då òg, svarar Lara og ser på meg.
Ingen problem, legg eg til.
‒ Sikker på det? seier Erkki.
Aldri undervurder småjenter. Vi har vore ute ei vinternatt før.

Relaterte artikler

Facebook

Følg oss på Facebook

Daglige oppdateringer fra Vagabonds verden - Få reisetips og ta del i våre aktiviteter og konkurranser!

Følg oss her

Vagabonds nyhetsbrev - meld deg på!

Motta vårt nyhetsbrev som gir deg direkte tilgang til det siste på reisefronten.

Abonnér - spar 63%

Få med deg alle godsakene fra Norges ledende reisemagasin!