Menu Meny

Paris: Je t'aime!

Simultan dekning av alle sansane bortsett frå smertesansen

Det som hendte i Woody Allen sin «Midnight in Paris», det kan skje, eg meiner det. Eg har hatt nærkontakt med dei store forgangne, eksempelvis Coco Chanel, og det utan å nærma meg ein einaste Chanel-butikk.

I bruktbutikkar og på loppemarknader kan du finna støypejernsportar frå Cocos leilegheit, tråd og band frå ein no nedlagd fransk fabrikk som produserte materiell for Lesage, som igjen broderte for fransk haute couture, og som no er eigd av Chanel, det mest delikate skinn utsøkt behandla av same hus så vel som tidlege plagg av Karl Lagerfeld, pluss alle dei andre legendariske haute couture-husa. Og legg merke til at eg ikkje skriv motehus, for det er ikkje det det handlar om – det handlar om kvalitet og stil.

I sørvest ligg loppemarknaden eg likte best, Puces de Vanves, rett om hjørnet frå metroen med same namn. Eksentrisk som eg er (nei, eg er ikkje coquette), kjøpte eg ein paradisfugl (til ein av dei mange hattane mine) og ein medalje, nærmare bestemt ein Ordre des palmes académiques. Eg kan ikkje motstå lilla, dessutan er eg sikker på at eg fortener ei kulturell utmerking

Ærverdige St. Sulpice har ingen kø i motsetning til Notre Dame, ingen fuktig varme som i Sacre Coeur og med akkurat den rette lukta.

Noko av det eg klarte å la vera å kjøpa på dei mange marknadene, var ein sokkelmontert turka piraya ‒ til meg å vera er det særdeles disiplinært. På Puces de St. Ouen kjøpte eg ei YSL-jakke, det er altså fullt mogleg å leita fram skattar på den parisiske andrehandsmarknaden, men regel nummer 1 er prut!

For frukt, grønt og bær kan eg anbefala Place d'Aligre i Bastille. På https://vide-greniers.org/75-Paris ser du kva marknader du kan oppsøkja til ei kvar tid.

Etter mykje farting rundt i nesten 30 grader søkte eg tilflukt i ei kyrkje. Eg veit, det verkar nesten blasfemisk å gjera det berre for å henta seg inn fysisk og mentalt, men la gå. Ærverdige St. Sulpice har ingen kø i motsetning til Notre Dame, ingen fuktig varme som i Sacre Coeur og med akkurat den rette lukta.

Ei estetisk flott kyrkje på Rive Gauche, påbegynt på 1600-talet med blant anna veggmaleri av Delacroix. Ein gratis måte å sjå fransk kunst på. Målaren er kjent for «Friheita fører folket», ei personifisering av folks kamp for rettane Liberté, Égalité, Fraternité, eit heilt suverent slagord forresten.

Eg hoppa av bussen sidan eg såg ein vintagebutikk ganske langt oppe på Rue Ménilmontant, og i butikken er ei gamal dame i ferd med å levera frå seg prototypar på drakter ho i si tid sydde hjå Christian Dior

Det er 20 bydelar i byen, det er overveldande, derfor kan det vera lurt å gjera eit utval. Tilfeldigvis budde eg i det 20. arrondissementet, der finn du mellom anna Belleville med den lange gata Rue des Pyrénées gåande gjennom som ein akse å orientera seg etter, og med metroen Gambetta omtrent i midten.

Typisk der metroane kryssar, finn du små sentrum med boulangerie, brasserie der du kan slå deg ned og sjå på folkelivet mens du tar deg ein croissant og café au lait, og på Gambetta finn du også kino, blomebutikk med meir. Lenger oppover gata fann eg ein av fleire sjokoladebutikkar i hovudstaden, mange av dei premierte (gjett om eg gassa meg), vidare ein film- og musikkbutikk som var spesialist på alt fransk.

Området er til dels bratt, men du kan jo ta bussen nokre stopp, og har metrostasjonen heis, så ta den, for å sei det sånn. Med billetten «Paris Visite» kan du reisa så mykje du vil, med alt du vil, i 5 dagar for nesten 40 euro, sjå http://www.ratp.fr/en/ratp/r_61634/paris-visite/, og er å få kjøpt mellom anna på metroane.

Lett tilgjengeleg frå Gambetta finn du den mykje omtalte gravplassen Père Lachaise, som eg vurderte å droppa nettopp fordi den er så berømt, men det er godt med eit avbrekk frå det urbane. Her vandra eg litt blant gravene som står så tett at du kan ikkje unngå å dels gå oppå dei. Men obs – dette er ikkje ein heldig plass for dei sentimentale, blandinga av estetikk og det triste er rørande. Eg snakkar ikkje om Jim Morrison eller kven dei no er, nei, eg snakkar om epitaf du berre forstår om du kan fransk, og det gjer dessverre eg, men mange av gravutsmykkingane er også visuelt sett impregnante.

Apropos språk – det seier seg sjølv at du får meir ut av eit opphald om du kan språket, då snakkar eg ikkje primært om innhenting av informasjon, som at undersider av nettsider gjerne ikkje er oversette, men om kontakt med folk. Det er jo der ein får følelsen av eit land, i møtet med franskmenn.

Eg liker humoren, den direkte tonen, og eg fiska jo sjølvsagt etter innside-tips. For øvrig gjeld det å ha augo med seg. Eg hoppa av bussen sidan eg såg ein vintagebutikk ganske langt oppe på Rue Ménilmontant, og i butikken er ei gamal dame i ferd med å levera frå seg prototypar på drakter ho i si tid sydde hjå Christian Dior, dei skulle no seljast i kommisjon. Wow! Ein annan vintagebutikk utanom turisttrafikken ligg i Rue Surmelin og heiter Goldymama – yeah baby!

No var eg så «utgått» at eg vandra rett inn i ein salong der kinesiske damer tilbaud refleksologi. Den ligg ved metro St. Fargeau, like ved homeexchange-leilegheita mi og heiter passande nok Serenite. Etter 30 minutts fotmassasje, for 25 euro som dei hevda vera Paris' billegaste, var eg atter klar til dyst og tok vegen til parken som dei eg bytte leilegheit med hadde framheva.

I Parc des Buttes Chaumont treffast dei lokale, alt frå gamle folk inntulla i teppe på benken med små iltre hundar dei ikkje har i band, til unge vaksne som grillar og hoiar. Grøntarealet er sjarmerande med sine mange tre med spesielle former, litt sånn malerisk à la Hertervig.

Det treng vel ikkje seiast at det kryr av museum og galleri i Paris, så med mindre du har spesielle interesser, kvifor ikkje velgja det som ikkje kostar noko – og det finst vel å merka meir enn desse to eg var på.

Onsdagskveldar er fotogalleriet MEP gratis. For tida, fram til 23. august, kan du sjå foto av kattar, Lartique og Alice Springs. Sistnemnde sin dokumentar om ektemannen Helmut Newton og verket hans er betre, for å sei det sånn, så gå heller rett på bedårande og poetiske fyrstnemnde og spar tid. Hans auto- og ectochromes er ikkje berre nydelege, det er noko forfriskande over den joie de vivre som er å finna i fotoa – nokre av dei syner livslyst av ein sånn karakter at ein får lyst til å slikka på dei.

Petit Palais, mellom Alexandre-brua og Champs Élysées, si permanente utstilling er gratis (stengt måndagar), og der får du kunst frå mange århundre, eg prioriterte fransk impresjonistisk maleri. Eit verk som velfortent er framheva er «Soleil couchant sur la Seine» av Monet, han med vannliljene. Dette er jo verket frå introen til den gamle NRK-serien om utvalde kunstverk presentert av Brikt Jensen. «Du kan ikke bare gi folk det de vil ha, de fortjener så meget bedre.»

Det var eit av mine fyrste møte med kunst og utlandet – me hadde på den tida kun NRK (og ikkje noko 1, 2 eller 3 heller). I introen spelte dei «Clair de lune», men eit soundtrack kunne òg vore eit lyrisk stykke av Grieg, som jo påverka fransk musikk, men eg hadde noko anna i tankane, eg skulle sjølv ut på Seinen – og få Édith Piaf med på kjøpet.

Korleis best ta inn Paris? Ikkje frå Tour Eiffel, ikkje frå Sacre Coeur, nei – frå ein båttur på den flytande paradegata Seinen.

Korleis best ta inn Paris? Ikkje frå Tour Eiffel, ikkje frå Sacre Coeur, nei – frå ein båttur på den flytande paradegata Seinen. Turen med ein av dei bedagelege båtane med namn som «Brigitte Bardot» og «Jeanne Moreau» (filmstjerner altså), tar oppunder ein time, og du seglar rett og slett inn i hjartet av Paris ‒ og det på staseleg vis.

Eg steig om bord på «Catherine Deneuve» ved Montebello-kaien attmed Notre Dame, og eine vegen fortel guiden om det me passerer, og hin vegen speler dei franske chansons. Ikkje gjer som dei tyske framfor meg i (den korte) billettkøen – å kutta ut turen berre fordi dei ikkje guidar på språket ditt, kven bryr seg – du får jo sett det same uansett.

Opplevinga er historisk og samtidig på ei og same tid. Du får nyta dei flotte byggverka, inkludert bruene, og sett folkelivet langs elvekanten; det er uteliggjarar med kontorstol og greier, folk som gjer det du veit, og altså guiden som fortel nokolunde forståeleg om at no passerer me Pierre Cardin si leilegheit. Litt vel privat for min smak, men la gå, han er jo ein couturier dei er kry av. Han kan også meddela at Pont Neuf ikkje er ny, som namnet skulle tilseia, men med 400 år nettopp den eldste i Paris.

Elva er som ei mini-Nilen som verkar tiltrekkjande på alt og alle, med grøne lunger, husbåtar, ja til og med Playa de Paris; eit parti som vert sandbelagt om sommaren og der folk soler seg eller slappar av under parasollar. http://www.bateauxparisiens.com/ er i tillegg ein lur måte å få ein pause på – du får vind i håret og kvile for føtene, båtane går ofte og tar så mange at du treng ikkje tima det. Ein kan eta på båten, men eg hadde ein avtale.

Favoritten vart Benoit, ein av den renommerte Alain Ducasse sine restaurantar. Han har atmosfære! Raud plysj, blondegardiner og bord så tett at dei må trekkja det fram så eg kjem til i sofabenken.

På førehand hadde eg via Hellstrøm (som er tolererbar i skrift) og Michelins Bib Gourmand si liste gjort reservasjonar på mange restaurantar, av desse kan eg trekkja fram to for deg. Favoritten vart Benoit, ein av den renommerte Alain Ducasse sine restaurantar (no stengd til 25. august). Han har atmosfære! Raud plysj, blondegardiner og bord så tett at dei må trekkja det fram så eg kjem til i sofabenken. Franskmenn og turistar om ein annan og mange til å varta deg opp. Eg vil verta varta opp – viss eg ikkje får god service er det over og ut for min del, og god service skal merkast i alle ledd. Sommelieren vert tilkalla for å svara på spørsmålet mitt, om eg kan få eit glas vin i staden for dessert – bien sûr, madame.

Mens eg ventar på lunsjen, blar eg i boka til kokken om gode adresser i Paris – eg noterte. Så kjem forretten – sneglar, kva elles? Eg kan ikkje få nok av dei. Til hovudrett har eg vore litt dristig og bestilt blodpudding, eg ville gjenoppleva bestemors blodferske dampande varme kokkelering. Kombinasjonane på tallerkenen er spennande, og etter endt måltid og glaset med kvitvin er eg fornøgd på eit djupt plan – eg trur at også vegen til ei kvinnes hjerte går gjennom magen.

Eg vann ikkje eta opp, liten mage som eg har, men Allez! une Madeleine. Det skulle eg tydelegvis ha, i tillegg fekk eg eigenprodusert sjokolade. Eg betaler, tipsar (noko ein ikkje gjer med mindre ein er tilfreds) og går på do. Til og med doet er fint der, og sidan eg ikkje er typen som tar foto av mat framfor gjester, fotograferte eg vasken.

L'ourcine er ein annan plass eg hadde sansen for, der er det totalt enkelt interiørmessig, men maten ser like god ut som den smaker. I Rue Broca ligg den litt utanom allfarveg, men kvifor ikkje støtta det viss det tilbyr deg ei minneverdig smaks- og vinoppleving. Og så har dei jo sjølvtilliten i orden når dei kallar seg kjøkensjefanes kjøken og vins de vignerons

Å ja, vil du vita kor eg treivst aller best i Paris, seier du? På plassen rundt metro Abbesses, der er det ein sånn gamaldags koseleg idyll. Det er brustein, det er skeivt, men også art nouveau, ein nostalgisk karusell, lovprist is frå Scaramouche, for ikkje å snakka om mannen i rullestol som kikkar på damene, så er du advart, men eg ‒ J'adore!

Relaterte artikler

Facebook

Følg oss på Facebook

Daglige oppdateringer fra Vagabonds verden - Få reisetips og ta del i våre aktiviteter og konkurranser!

Følg oss her

Vagabonds nyhetsbrev - meld deg på!

Motta vårt nyhetsbrev som gir deg direkte tilgang til det siste på reisefronten - ca én gang i måneden.

Abonnér - spar over 60%

Få med deg alle godsakene fra Norges ledende reisemagasin!